Eplemost

Produktbilete

Eplemost frå Hakastad - Ulvik Frukt & Cideri - er eit naturprodukt av eple - pressa eine dagen og pastuerisert andre dagen utan tilsetjingstoff.
Smaken av flytande eple er gjennomgåande.
Her kan ein få ulike smaksopplevingar alt etter kva ein er ute etter . Kvar eplesort har sin eigen smak etter kva sukker- , syre- og ev tannnininnhald den har - dette gjer at du på Hakastad kan få oppleva mange smakar etter kva du er ute etter. Bruken av eplemost kan difor vera ein god erstatning for vin /ev brus til ulike matrettar etter den om den er fyldig,aromatisk,syrleg eller søt. Hovudkunden til Ulvik Frukt & Cideri - Bellevue resturantar i Bergen - har erstatta brus med juice i alle selskap.
Me produserar eplemost i 0,33l og 0,7 l glasflasker. Elles og i 3 l og 5 l bag in box.
Desse sortane vert det laga eplemost av (nokre av sortane er produsert i mindre omfang ) - rangert etter modningstid -
IDUNN/FRANSKAR - er ein ny norsk sort som er saftig og fruktig. Franskar er ein av dei eldste sortane i Hardanger - er eit "mateple" og
har mykje bitter og tanninstoff i seg. Båe modnar samstundes og i garden si spesialblanding vert det ein eplemost som er syrleg , stilrein og har ein lang ettersmak. Svært god til mange matrettar. Ein vinnar. Mange unge tre på gang - aukande produksjon.
DISCOVERY - ein engelsk sort som er svært aromatisk og har svært god sødme. Ein skikkeleg dessertmost som eignar seg som kosedrikk el til dessertar og kaker.
GRAVENSTEIN-er fyldig, vinøs og har god sødme. Den er svakt syrleg, svært karakteristisk aroma med lang ettersmak. Me seier at Gravenstein har en eigen ”Gravensteinaroma” med en smak av mandel. Gravenstein har eit stort bruksspekter og går godt både til kjøt og fisk.Eplesorten kom frå Danmark (Gråsten slott) til Hardanger i 1792 og vart hovudsort på 1900 talet i Hardanger og Norge.
JAMES GRIEVE- gjev ein svært rik og syrleg smak. Den er vinøs og har lang ettersmak. Det brie smaksregisteret gjer at den passar godt til fisk og skaldyr , likeeins kraftig og krydra mat.Eplesorten kom frå Skottland i 1890. Dyrka ein del i Norge midt på 1900 talet . Svært god som alkoholfri velkomstdrikk.
AROMA - "bankersen" - ein som ikkje har fått eplemost før likar alltid denne. Smaken er middels fyldig og aromatisk, med litt syrleg ettersmak. Har god balanse mellom syre/sødme. Den kan brukast både til kjøt- og fiskerettar.
Eplesorten kom fra Sverige i 1970 – hovedsort i dag, og er en krysning mellom Ingrid Marie og Filippa.
KARIN SCHNEIDER- Den eplemosten som har minst syre av dei nemnde her. Den er lett å drikka og smakar litt søtt, men har ein syrleg ettersmak. Passar godt til litt lettere mat, td småretter og lunsj. Dei fleste ungane likar denne juicen særs godt. Sorten er dansk.
Meir om eplesortane finn du på:
www.skogoglandskap.no/seksjoner/sortsdatabase/hent_fruktsort

Produkta

Kontakt

Ulvik Frukt & Cideri Asbjørn Børsheim
Hakastad
5730 Ulvik
Org. 983 035 256

Tlf. +47 91 10 22 15
e-brev: asbjorn.borsheim (snabel-a) ulvik.org

Om Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Målet vårt er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Me dyrkar dei vanlege...

Ulvik frukt & Cider