Om Ulvik Frukt & Cideri
Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Målet vårt er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Me dyrkar dei vanlege eplesortane, men har i tillegg planta fleire gamle eplesortar og nokre engelske/franske sidersortar.
Med utgangspunkt i dette sortsutvalet, kan me tilby ulike smaksvariasjonar av eplejuice og sider spesielle for garden Hakastad.
Prøv eplejuice og sider til ulike matrettar!
”Den gode eplesmaken” er basis for alle produkta våre.